Kurdistan-provinsen

Kurdistan-provinsen[a] er ein av 31 provinsar i Iran, og må ikkje forvekslast med det større, uoffisielle geografiske området Iransk Kurdistan. Provinsen Kurdistan dekkjer eit areal på 28 817 km², som berre utgjer ein fjerdedel av dei kurdisk busette områda i Iran eller Iransk Kurdistan. Han ligg vest i Iran, i Region 3, og grensar til Irak i vest, provinsen Vest-Aserbajdsjan i nord, Zanjan i nordaust, Hamedan i aust og Kermanshah i sør.[8] Provinshovudstaden i Kurdistan-provinsen er byen Sanandaj (kurdisk Sinne). Andre store byar er Marivan, Baneh, Saqqez, Qorveh, Piranshahr, Bijar, Kamyaran, Dehgolan, Diwandarreh og Sarvabad.

Kurdistan
کردستان
کوردستان
Provins
Land  Iran
Region Region 3
Fylke 10
Hovudstad Sanandaj
Areal 29 137 km²
Folketal 1 603 011 (2016)[1]
Språk Offisielt:
 • persisk
Lokale språk:
 • kurdisk
 • aserbajdsjansk[4][5][6][7]
Tidssone IRST (UTC+03:30)
 - Sommartid IRST (UTC+04:30)
Kart
Kurdistan-provinsen
35°43′40″N 46°58′01″E / 35.727777777778°N 46.966944444444°E / 35.727777777778; 46.966944444444
Kart som viser Kurdistan-provinsen.
Kart som viser Kurdistan-provinsen.
Kart som viser Kurdistan-provinsen.
Wikimedia Commons: Kurdistan Province

Geografi

endre
 
Fridomplassen i Sanandaj.

Kurdistan-provinsen er eit fjellendt område som topografisk kan delast inn i ein vestleg og ein austleg del i Sanandaj. Kurdistan har mange elvar, innsjøar, isbrear og grotter som følgje av fjella og landskapet har alltid tiltrekt seg mange turistar, inkludert fjellklatrarar og skigåarar.

Elva Zarrineh er 302 km lang og ei av dei lengste elvane i provinsen. Ho munnar til slutt ut i Urmiasjøen. Sirvan (eller Diayal) er ei anna stor elv i provinsen, som til slutt munnar ut i Tigris i Irak.

Zarivar er ein innsjø som ligg ved foten av høge fjell, omgjeve av tjukke skogar.

Kurdistan-provinsen har fleire mineralkjelder, som Govaz nordvest for Kamyaran, Abetalkh nær Bijar og Baba Gorgor nord for Qorveh.

Kereftoo-grotta, nær Divandarreh er både ei unik naturlg grotte og ein arkeologisk stad. Inne i grotta er det fleire oldtidsbygg kalla Heraklios-tempelet, etter den greske guden som er hogd ut i taket i ein av hallane. Shoovi-grotta er 267 meter lang og ligg nær byen Baneh.

Charkhaln er med ei høgd på 3 330 moh det høgaste fjellet i provinsen. Andre høge fjell er Chehelcheshmeh, 3 173 moh, Hossein Bak, 3 091 moh og Masjede Mirza, 3 059 m.

Klima

endre

Kurdistan-provinsen er ein av dei mest fjellendte regionane i Iran og har eit generelt mildt og behageleg klima gjennom våren og sommaren. Vintrane er lange og kan vere særs kalde med tungt snøfall.

Merknader

endre
  1. farsi استان کردستان Ostān-e Kordestān, kurdisk پارێزگای کوردستان Parêzgeha Kurdistanê

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «جمعیت به تفکیک تقسیمات کشوری» (på persisk). Henta 29. oktober 2023. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «جمعيت کشور برحسب جنس در نقاط شهری و روستایی به تفکیک استان (۱۳۹۰)» (på persisk). Henta 29. oktober 2023. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «جمعیت برحسب جنس به تفکیک سن و استان در سال ۱۳۸۵» (på persisk). Henta 29. oktober 2023. 
  4. «Archived copy». Arkivert frå originalen 14. oktober 2013. Henta 18. mars 2015. 
  5. Government of Kurdistan) Arkivert 2013-08-08 ved Wayback Machine.
  6. ghorveh Municipality website (persisk), arkivert frå originalen 5. januar 2020, henta 7. mars 2021 
  7. Payam Noor University of ghorveh (persisk), arkivert frå originalen 7. juni 2010, henta 7. mars 2021 
  8. «همشهری آنلاین-استان‌های کشور به ۵ منطقه تقسیم شدند (Provinces were divided into 5 regions)». Hamshahri Online (på persisk). 22. juni 2014. Arkivert frå originalen den 23. juni 2014. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Kurdistan-provinsen