Hopp til innhald

Prawo i Sprawiedliwość

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 25. mars 2016 kl. 14:06 av Jeblad (bot) (diskusjon | bidrag) (Fjerner malen 'Commonskat', lekk i sidestolpen)
Logoen til Prawo i Sprawiedliwość.

Prawo i Sprawiedliwość (PiS), polsk for Lov og rettferd, er namnet på eit nasjonalkonservativt, populistisk politisk parti i Polen, skipa i 2001 av tvillingbrørne Lech Kaczyński og Jarosław Kaczyński. Partiet går inn for ein etter måten stor statleg innverknad på økonomien, har gjeve lovnader om å styrke lov og orden og å gripe inn mot korrupsjon, og er dessutan såkalla EU-skeptisk, det vil seie at partiet er kritisk til den noverande byråkratiske oppbygginga og gjeng mot auka integrasjon i Den europeiske unionen.

Partiet fekk ved valet til det polske parlamentet i 2015 reint fleirtal i båe kammera, 235 mandatat i Sejm og 61 i senatet. Toppkandidaten for partiet i dette valet, Beata Szydło, vart statsminister i Polen 16. november 2015.

I Europaparlamentet har partiet 19 representantar, og alle desse er med i det konservative og anti-føderalistiske felleseuropeiske politiske partiet Alliansen av europeiske konservative og reformistar, som vart skipa 1. oktober 2009.

Bakgrunnsstoff