Hopp til innhald

Marilyn Monroe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marilyn Monroe i filmen Gentlemen Prefer Blondes

Marilyn Monroe 1. juni 19265. august 1962 var ei skodespelarinne frå USA. I ettertid er ho nytta som eit ikon og ei personifisering av det glamorøse livet knytt til filmbyen Hollywood i 1950-åra. Trass i lite glamorøs bakgrunn, slo ho seg opp som ei dei største i filmverda. Ho vert vanlegvis hugsa som blondine og som symbolseksualitet. Det er uvisst kven som var far til Monroe. Ein teori er at faren stamma frå Haugesund. I byen er det sett opp ein statue av Monroe, til minne om dette moglege sambandet. Marilyn vart fødd Norma Jeane Mortensen (Mortenson) i Los Angeles. Ho vart døypt Norma Jane Baker, då det var tvil om kven som var biologisk far. Norsk-amerikanaren Martin Edward Mortensen sto oppført som far i fødselsattesten. Mora, Gladys Baker, oppga aldri kven som var far til dottera.

Etter lang tids sjukdom vart Gladys innlagd på ein mentalinstitusjon, og lille Norma Jeane vaks opp både på barneheim og i fleire fosterheim. Som 16-åring gifta ho seg med den fem år eldre naboguten Jimmy Dougherty. Under krigen arbeidet Norma Jeane som ei av mange kvinner på ein fallskjermfabrikk, der ho heilt tilfeldig vart oppdaga av fotografen David Conover som kom for å ta bilete til «The Yank Magazine». Ho var ein fotografs «drøym». Dette vart starten på ein modellkarriere med suksess, noko som og var årsaka til Norma fekk den første kontakten med filmstudioa. I 1946 signera ho den første kontrakt si med Twentieth Century Fox. I mellomtida hadde ha ogå teke ut skilsmisse frå Dougherty. På filmstudioet og oppfordring frå agenten bleika ho håret blondt og endra namnet sitt til Marilyn Monroe. I åra fram til ho døydde så alt for tidleg i 1962, spela ho i ei rekkje filmar, ho gjorde blant anna ein uforgløymeleg innsats som Sugar Kane i den legendariske komedien Nokon har det heitt (Some like it hot), der ho spela mot Tony Curtis og Jack Lemmon. Hennar største prestasjon, og første verkelege dramatiske rolle, gjorde Marilyn i den siste fullføyrde film hennar, av forfatter-ektemannen Arthur Millers The Misfits. Dette vart elles den siste rolla for motspelaren Clark Gable. Ho har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

På sine 36 leveår rakk Marilyn å gifte seg tre gonger, samt pleie forhald til henholdsvis John F. Kennedy, Robert Kennedy og nokre andre menn. Ho rakk og å fullføre heile 29 filmar og starte eige produksjonsselskap, Marilyn Monroe Productions, saman med fotograf og ven Milton Greene, før ho, sannsynleg tok sjølvmord i 1962. Ho hadde akkurat vorte sparka frå rolla si i den aldri fullførte filmen Something's Got to Give grunna utilregneleg adferd, og ho skal visstnok ha vorte dumpa av begge Kennedybrødrene. Den offisielle dødsårsaka vart angjeve å vere ein overdose Nembutal, men det har i etterkant versert ein rekkje meir eller mindre godt funderte teoriar ikring dødsårsakane til Marilyn.

Filmografi

Eit bilete frå filmen Gentlemen Prefer Blondes
  • Something’s Got to Give (1962)
  • The Misfits (1961)
  • Let's Make Love (1960)
  • Some Like It Hot (1959)
  • The Prince and the Showgirl (1957)
  • Bus Stop (1956)
  • The Seven Year Itch (1955)
  • There’s No Business Like Show Business (1954)
  • River of No Return (1954)
  • How to Marry a Millionaire (1953)
  • Gentlemen Prefer Blondes (1953)
  • Niagara (1953)
  • O. Henry's Full House (1952)
  • Monkey Business (1952)
  • Don’t Bother to Knock (1952)
  • We’re Not Married! (1952)
  • Clash by Night (1952)
  • Let’s Make It Legal (1951)
  • Love Nest (1951)
  • As Young as You Feel (1951)
  • Home Town Story (1951)
  • Right Cross (1950) (uncredited)
  • All About Eve (1950)
  • The Fireball (1950)
  • The Asphalt Jungle (1950)
  • A Ticket to Tomahawk (1950) (ukreditert)
  • Love Happy (1949)
  • Ladies of the Chorus (1948)
  • Scudda Hoo! Scudda Hay! (1948)
  • Dangerous Years (1947)