Hopp til innhald

Carolina Gynning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Carolina Gynning

Statsborgarskap Sverige
Fødd 6. oktober 1978 (45 år)
Helsingborgs Maria församling Sjå dette på Wikidata
Yrke modell, journalist, sjølvbiograf, programleiar, bloggar, realitydeltaker
Mor Agneta Gynning Sjå dette på Wikidata
Carolina Gynning på Commons

Carolina Gynning (fødd 6. oktober 1978 i Malmö) er ein svensk programleiar, forfattar, glamourmodell og vinnar av svensk Big Brother 2004.

Gynning deltok i ei live-sending i den norsk-svenske Big Brother 2005. Ho var programleiar på svensk Idol i 2007 og var den svenske programleiaren i den skandinaviske TV-serien Hitmakers i 2008. Same året hadde ho ein eigen serie på svensk TV med namnet I huvudet på Gynning. Ho har skrive sjølvbiografien «Ego girl», som handlar om då ho som 17 åring vart oppdaga som modell og møtet med sex og narkotika i modellverda.