Hopp til innhald

Fictitious Sports

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nick Mason's Fictitious Sports
Studioalbum av Nick Mason
Utgjeve 3. mai 1981[1]
Innspelt Oktober 1979
Studio Grog Kill Studios, Willow, New York
Sjanger Jazzrock, progressiv rock
Lengd 36:15
Selskap Harvest (Storbritannia)
Columbia (USA)
Produsent Nick Mason, Carla Bley
Nick Mason-kronologi 
Nick Mason's Fictitious Sports Profiles
(1985)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[2]

Nick Mason's Fictitious Sports er debutalbumet til trommeslagaren i Pink Floyd, Nick Mason, som soloartist, utgjeve i mai 1981 i Storbritannia og USA. Dette var det første større arbeidet Mason gjorde utanfor Pink Floyd.[3][4] Det vert av mange rekna som eit Carla Bley-album, sidan ho skreiv alle songane og var medprodusent på albumet.[5] Bortsett frå opningssongen vert albumet sungen av Robert Wyatt.

Innspeling

[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart spelt inn i oktober 1979, men utgjevinga vart forseinka nesten to år.[6]

Nick Mason:

«Eg lagde mest 'Fictitious Sports' som ei øving. 'Profiles' har meir levetid... det er sterkt nok til å kunne aksepterast som eit 'verkeleg' album.»[7]
«Opphavleg var det planen at eg måtte dra til Amerika for å lage eit album med all slags songar, men så sende Carla meg ein kassett med ideane hennar. Det var særs forskjellig frå det ho hadde gjort tidlegare og eg var absolutt med på det. Så eg tenkte det ville vere betre å gjere det slik enn å desperat prøve å finne ting som fungerte i lag.[7]»

Alle songar er skrivne av Carla Bley.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Can't Get My Motor to Start»03:39
2.«I Was Wrong»04:12
3.«Siam»04:48
4.«Hot River»05:16
Side to
Nr.TittelLengd
5.«Boo To You Too»03:26
6.«Do Ya»04:36
7.«Wervin'»03:58
8.«I'm a Mineralist»06:16

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]