Brixen
Brixen | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Areal | 84,7 km² | ||
Folketal | 22 816 (1. januar 2023)[1] | ||
Brixen 46°43′00″N 11°39′28″E / 46.716549°N 11.657851°E | |||
Wikimedia Commons: Brixen |
Brixen (tysk), Bressanone (italiensk) eller Porsenù (ladinsk) er ein by og ein kommune i provinsen Bolzano/Sør-Tyrol i den autonome regionen Trentino-Alto Adige i Italia. Kommunen har vel 20 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 84,9 km². Byen ligg ved elva Eisack, 560 meter over havet, om lag 40 kilometer nord for provinshovudstaden Bolzano.
73 % av ibuararane i kommunen har tysk til morsmål, medan 26 % er italiensktalande og 1,34 % har ladinsk til morsmål.
Soge
[endre | endre wikiteksten]Frå 500-talet til 1803 var Brixen eit sjølvstendig fyrstebispedømme som eigde store vidder i nærområda til byen, i tillegg til i Pustertal, Aust-Tirol og Krain. Bispedømmet hadde til 900-talet sete i klosteret Säben ved Klausen, nokre kilometer vest for Brixen. Rundt år 960 vart bispesetet flytta til Brixen.
Ymse
[endre | endre wikiteksten]Fjellklatraren Reinhold Messner og skirennaren Denise Karbon er begge frå Brixen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Brixen» frå Wikipedia på bokmål, den 12. juli 2013.