Hopp til innhald

Kommunar i Nord-Makedonia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein kommune (makedonsk општини, opsjtini) er den grunnleggjande administrative inndelinga i Nord-Makedonia. Landet har no (2020) 80 kommunar.[1] Storbyområdet til hovudstaden Skopje omfattar ti kommunar.

Kommunane er grupperte i statistiske regionar, men desse har ingen administrativ funksjon.

Tidlegare inndeling

[endre | endre wikiteksten]

Etter at Nord-Makedonia vart sjølvstendig, vart landet delt inn i 123 kommunar.[2] Gjennom ein reform i 2004 vart kommunane reorganiserte. Somme kommunar vart slått saman, og somme av grensene mellom kommunane vart justerte, slik at det vart 84 kommunar.

I 2013 vart dei fire tidlegare kommunane Drugovo, Oslomej, Vranesjtitsa og Zajas innlemma i Kitsjevo, slik at talet på kommunar vart 80.[3]

Kartet viser by- og landkommunar i Nord-Makedonia. Tala på kartet svarer til nummereringa av kommunane i lista nedanfor. Storbyområdet Skopje er markert med fiolett. I lista er dei ti kommunane innanfor Skopje nummerete som 1.1, 1,2 osv.

By- og landkommuner i Nord-Makedonia
By- og landkommuner i Nord-Makedonia

Innanfor storbyområdet Skopje:

Utanfor Skopje:

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Regions in the Republic of North Macedonia ("Regionar i Republikken Nord-Makedonia")» (PDF). State Statistical Office of the Republic of North Macedonia. Henta 18 November 2020. 
  2. «Municipalities of Macedonia ("Kommunar i Makedonia")». Statoids. 2015. Henta 18 November 2020. 
  3. Aislyng Lyon (2016). Decentralisation and the Management of Ethnic Conflict: Lessons from the Republic of North Macedonia. Routledge. Henta 18. november 2020.