Hopp til innhald

Berit Ås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Berit Ås

Fødd10. april 1928
Fredrikstad
Død14. september 2024 (96 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet (ukjend; 1972), Demokratiske Sosialistar (1973; 1975), Sosialistisk Venstreparti (1975; 2024)
Yrkepolitikar, universitetslærar, psykolog, konspirasjonsteoretiker
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
University of Michigan
Alle verv

Berit Ås (fødd Berit Skarpaas; 10. april 192814. september 2024) var ein norsk sosialpsykolog og politikar frå Fredrikstad, busett på Nesbru i Asker kommune. Ås var den første partileiaren i Sosialistisk Venstreparti.[1] Ho var ein viktig figur i norsk kvinnerørsle.

Ås vart cand.psychol. i Oslo i 1953. Ho tok spesialutdanning i sosialpsykologi ved University of Michigan i perioden 1958-1959.[2]

Politisk karriere

[endre | endre wikiteksten]

Ås var mellom anna ei av kvinnene bak «Kvinnekuppet», ein politisk aksjon som oppmoda til kumuleringar og strykingar på vallistene til kommunevalet i 1971 for å få kvinner inn i styringa av kommunane. På den måten vart det kvinneleg fleirtal i kommunestyret i Asker, 27 kvinner og 20 menn. Dette fullt lovlege «kuppet» vekte internasjonal merksemd.

Då SV vart skipa i 1975, vart ho leiar. Ho hadde bakgrunn frå DNA-utbrytargruppa AIK, og var mellom dei 16 representantane Sosialistisk Valforbund fekk valt inn på Stortinget i 1973. Ho sat som leiar i eitt år, før Berge Furre tok over.

Mellom dei viktigaste bragdene hennar som forskar reknar ein identifikasjonen av dei fem hersketeknikkane, som ho skreiv om i 1979.

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

I 1997 vart ho riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.[2] Ho mottok òg ein internasjonal akademikarpris ved Amsterdam Universitet i 1988.

  1. Oddvar Sagbakken Saanum. «Berit Ås er død» (på norsk bokmål). TV2. Henta 15. september 2024. 
  2. 2,0 2,1 «Biografi: Ås, Berit», Stortinget (på norsk), 9. november 2021, henta 15. september 2024 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]