Hopp til innhald

Sombrerogalaksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sombrerogalaksen

Hubble-bilete av Sombrerogalaksen
Observasjonsdata (epoke J2000)
StjernebileteJomfrua
Rektasensjon12t 39m 59,4s[1]
Deklinasjon-11° 37′ 23,0″[1]
Avstand28 millionar lysår
Typespiralgalakse (Sa), LINER
Sjå òg: Galakse, lista over galaksar
Hubble- og Spitzer Space Telescope-bilete sette saman til eitt. Hubble-biletet er teke i synleg lys medan Spitzer-biletet er teke i infraraudt.

Sombrerogalaksen (katalogisert M104 og NGC 4594) er ein spiralgalakse 50 000 lysår på tvers som ligg rundt 28 millionar lysår unna i stjernebiletet Jomfrua.[2] I midten av galaksen ligg det eit supermassivt svart hòl med ein masse på om lag éin milliard solmassar.[2]

Sombrerogalaksen ligg i den sørlege enden av galaksehopen Jomfru-hopen og er eit av dei mest massive objekta i hopen.[2]

Namnet til galaksen kjem av at han kan likna på ein meksikansk sombrerohatt.[2]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 Simbad om Sombrerogalaksen
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «The Majestic Sombrero Galaxy (M104)» - biletteksten til eit Hubble-bilete av galaksen på ein av dei to offisielle heimseidene til teleskopet