There's No Other (Like My Baby)
«There's No Other (Like My Baby)» er ein song skriven av Phil Spector og Leroy Bates og først spelt inn i 1961 av jentegruppa The Crystals med Spector som produsent.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Barbara Alston song førstevokal, som ho gjorde på dei neste to Crystals-utgjevingane «Uptown» og «He Hit Me (It Felt Like a Kiss)». Singelen var den første som kom ut på Spector sitt eige Philles Records og debuterte på Billboard Hot 100 i november 1961 og nådde 20. plassen i januar 1962. Songen var basert på gospelsongen «There's No Other Like My Jesus».
Pengekrangel
[endre | endre wikiteksten]Etter The Crystals spelte inn «There's No Other» med Spector, gav Spector ut songen på det nyoppretta selskapet sitt,Phillies Records, trass i at han opphavleg arbeidde med The Crystals for Liberty Records. The Crystals fekk ikkje betaling av Spector for «There's No Other».[1]
Beach Boys-versjonen
[endre | endre wikiteksten]There's No Other (Like My Baby) Singel av The Beach Boys | ||
A-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | 8. november 1965 | |
Innspelt | 1965 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:05 | |
Selskap | Capitol | |
Låtskrivar(ar) | Phil Spector, Leroy Bates | |
Produsent | Brian Wilson | |
The Beach Boys-kronologi | ||
«California Girls» (1965) |
There's No Other (Like My Baby) | «Barbara Ann» (1965)
|
«There's No Other (Like My Baby)» vart spelt inn av den amerikanske gruppa The Beach Boys. Han kom ut i 1965 på albumet deira Beach Boys' Party! Heile gruppa medverkar på vokal, men Brian Wilson song meir enn dei andre. Songen vart òg gjeven ut 8. november 1965 som B-sida på «The Little Girl I Once Knew». Songen nådde 20. plassen på hitlista i USA.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Brian Wilson – solovokal, bassgitar
- Mike Love - korvokal
- Carl Wilson - korvokal, akustisk gitar
- Dennis Wilson - korvokal, tamburinn
- Al Jardine - korvokal, akustisk gitar
- Bruce Johnston - korvokal, bassgitar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «There's No Other (Like My Baby)» frå Wikipedia på engelsk, den 23. februar 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Musso, Anthony P. (2007). Setting the Record Straight. AuthorHouse. s. 150. ISBN 9781425959869. Henta 21. februar 2018.